Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Stefan Zweig

Stefan Zweig (1881–1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blei austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida. 

Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1933 blei verka hans forbodne og brende på bokbåla. Zweig blei tvungen ut i eit omflakkande eksil som førte han til England, New York, Paraquay, Argentina og til slutt Brasil. Zweig såg på seg sjølv som europear som ikkje høyrde til nokon nasjon. Han var ein lidenskapleg pasifist. Krigsåra, og den utbreidde nasjonalismen og anitsemitismen tok sakte knekken på han. Saman med kona Lotte tok han livet sitt i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.