Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka er gitt ut i samarbeid med Sogn og Fjordane Husflidslag og byggjer på det store registreringsarbeidet som husflidslaga i fylket føretok frå hausten 1997 og fram til 2000. 

Over 5000 åkle frå heile fylket vart då registrerte og fotograferte, og boka presenterer ein del av dette flotte materialet. 

I boka beskriv forfattar Eva Ramstad både framstilling, symbolikk, bruk og dei kulturelle verdiane som er knytta til åkle i Sogn og Fjordane.