Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Forfattaren Hans H. Thyri tek oss med på ei kulturhistorisk vandring gjennom storslagen natur – frå Vidda og ned Aurlandsdalen – forbi regulerte fjellvatn, stølar, gamle gardsbruk og ned til Vassbygdi og Aurlandsvangen. 

Den 40 km lange Aurlandsdalen vart tidleg ein del av rutenettet til Den Norske Turistforening og er ein klassikar blant fotturane i Noreg. Historia til dalen er rikhaldig og spennande, og minna om gamal fehandel og stølsdrift lever side om side med kraftutvikling og moderne vegar. 

I boka opplever vi historia og landskapet gjennom dei unike bileta som fotografane Per Olaf Breifjell, Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind har teke over lang tid.