Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Aurland kommune bygde fjellvegen over til Lærdal i 1960-åra. I 2006, førti år seinare, fekk vegen status som nasjonal turistveg. 

Vegen gir reisande høve til å oppleve natur og kultur i nært samspel. Frå utsiktspunktet rett over Aurlandsvangen kan ein sjå fjordlandskapet. Oppe på fjellet møter dei vegfarande snø og is. I dei slake liene ligg stølsgrendene. Og ned mot Lærdalsfjorden finn ein den faste busettinga. Langs vegen er det mange romslege rasteplassar som er gode utgangspunkt for fjellturar. I fjellvatna leikar auren, og på stølsvollane lever framleis segnene om huldrefolket. 

Dette er boka om naturskjønne Aurlandsvegen, av mange også kalla Snøvegen.