Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I boka tek forfattaren Karen Weichert lesaren med på reise på den største breen på det europeiske fastlandet.  


Jostedalsbreen vert kvart år besøkt av fleire hundre tusen turistar frå både inn- og utland, og dei fleste bygdene rundt den store platåbreen har vore attraktive reisemål i over hundre år. 

Jostedalsbreen er stadig i endring, og det gjer han spennande og annleis ved kvart einaste besøk. I boka fortel Weichert om korleis breen vart til og korleis han var med på å skape det unike vestlandske fjordlandskapet. Samtidig viser ho glimt frå livet rundt breen før og no. 

Jostedalsbreen er den sjette boka i SKALD sin djuptgåande turistbokserie som kjem ut i fleire språkutgåver. Minipraktbøkene eignar seg også som gåvebøker til både nordmenn og utlendingar.