Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Kai Martin Brekke følgjer opp kriminalromanen Nattergal frå 2006 med eit nytt drama som denne gongen hovudsakleg utspelar seg i Nærøyfjorden.

Eit lik med ei underleg religiøs tatovering driv i land ved Askelund i Balestrand. Lensmann Mikkel Holo er langtidssjukmeld, hard på flaska og frustrert, men når fleire ungdommar vert melde sakna i Indre Sogn, må han tilbake i manesjen. Internasjonal storkriminalitet og ei nyreligiøs sekt har innteke Nærøyfjorden, og aude delar av verdsarvområdet viser seg å innehalda løyndomar frå fortida – ein farleg arv.