Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Ei lita, innbunden bok som i stor grad er retta inn mot turistmarknaden. Mange fargefoto og parallelle tekstar på norsk og engelsk. Boka omhandlar bygder, natur, næringsliv og kulturminne i Luster kommune sett over eitt år.

Viktige kulturminne som kyrkjer, Munthehuset, det verneverdige området i Solvorn, høgdegardar som Ormelid og Fureåsen, Dalsdalen, stølsvegar og stølar, steinsel og Straumane – der det fortsatt kan sjåast restar av "gangvegen" der strendingane drog båtane opp straumen – har alle fått plass i boka.