Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Ein morgon skjer det noko underleg på slottet. Kongen koser seg med frukosten, og prinsesse Rosenraud ventar på at teneste jenta Marie skal smørje henne ei brødskive. Men plutseleg stivnar Marie til og kan ikkje røre seg. Kongen ropar på den trufaste tenaren Ludvig, men heller ikkje han kjem seg av flekken. I den vakre rosehagen utanfor slottet blir det brått kaldt, og blomstrane visnar. Kva i alle dagar er det som går føre seg?

Jau, det står heilt stille i hovudet til forfattaren – han har fått skrivesperre. Rådlaus går han frå skrivebordet og overlèt eventyr – figurane til sin eigen skjebne. Men kongefamilien let seg ikkje knekke og gir seg i veg for å leite etter forfattaren ...