Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Få arrangement trekkjer så mange folk til Voss som Ekstremsportveko. Det tiande året Veko gjekk av stabelen, presenterte Skald, i samarbeid med Veko ei flott og fargerik biletbok med intervju, tilbakeblikk og matoppskrifter. 

Folk strøymer til bakkane og bøane rundt bygda, til butikkane, til utestadene, til hyttene – dei kjem med buss, bil og tog frå utland og innland til ei av dei finaste bygdene på Vestlandet og til den sprekaste festivalen i heile Noreg! 

Ekstremsportveko er stolte av å vera ambassadør for eit levande kultur-, sport- og folkeliv på Vestlandet. 
Boka fortel om 10 år med våghalsar, elleville stunt og eksotisk mat med naturen som ramme rundt det heile. Boka er spekka med flotte bilete av hendingar, utøvarar, folk, musikarar og Vossamat.