Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Norvald Tveit sin litterære produksjon starta i 1960 med boka En sjel og en skjorte om Hans Gjerde sitt eventyrlege liv. I samband med at Tveit fylte 80 år 22. desember 2007 kom jubileumsutgåva av denne debutboka i 999 signerte og nummererte eksemplar. 

Boka handlar om unge Hans Gjerde som drog til Amerika og levde eit ekte hoboliv og reiste på kryss og tvers over heile kontinentet. Seinare deltok han mellom anna på amerikansk side i første verdskrigen og var med i fleire store slag i Europa. 

Boka fekk nærast ekstatisk omtale og selde i 15 000 eksemplar då ho kom ut i 1960.