Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka fortel historia om Flåmsbana, og kvifor den har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Noreg. Flåmsbana er utgitt på sju språk og har blitt ei populær suvenirbok turistar og ei kjær gåve lokalt.

Thue gjev ei kortfatta og lettlest framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda som går på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka inneheld også meir generelle tekstar f.eks. om troll, huldre eller fossen som eit nasjonalt symbol.