Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Herr Jemini er heldig – uansett kva som skjer. Ved første augekast kan det sjå ut som om Herr Jemini er ein ulykkesfugl. Han dett ned trappa, mister kofferten sin og snublar i tauet. Uhella fører til at han finn att nøklane sine, får seg ein ny dress og ser ein vidunderleg flott fisk. Han synest han er ganske heldig.

Herr Jemini inspirerer barn til å sjå det positive i ein kvar situasjon. Dei små hell-i-uhell-historiene vert levande gjennom fantasifulle illustrasjonar. Boka er universell og kan gi leseglede til heile familien. Der dei minste har moro med å telje, kan eldre barn lære å sjå det positive i, ved første augekast, litt uheldige situasjonar.