Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka er ein biografi om biletkunstnaren Jørgen Holen. Etter lengre tids sjukdom fekk Jørgen Holen først ry som ein av landets fremste knivmakarar, før han debuterte som biletkunstnar i 1991. I boka fortel han om korleis sjukdommen opna auga hans og gav han innsikt og styrke til å etablere seg som kunstnar.

Jørgen Holen er fødd i Sogndal 2. juni 1947. Han bur i dag på Bekkestua i Bærum og arbeider som biletkunstnar. Han kallar seg "maleriets ryddegut". Holen er umogleg å sette i bås. Han er ei utålmodig sjel, alltid på leiting etter nye former, etter nye linjer og strukturar, etter nye måtar å utnytte farger og lerret på. Lag på lag byggjer han opp bileta sine før han tar bort og legg til, glattar ut og flytter rundt på elementa, heilt til han er nøgd med så vel det kunstneriske som det handverksmessige.