Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Kva er makrellskyer? Har du høyrt om skytromber? Og korleis blir eigentleg lyn og tore til?

Katten Karl Oscar vil ikkje vera åleine heime når heile familien reiser på sommarferie. Han heng seg på takstativet til bilen og blir med. Plutseleg tek ein kastevind tak i han og slengjer han langt av stad. Karl Oscar brukar eit heilt år på å finna vegen heim, og han må vera ute i all slags vêr.  Ein edderkopp følgjer Karl Oscar heile turen. I små faktatekstar forklarer han dei ulike vêrfenomena for oss.

Ei morosam og annleis vêrbok for heile familien.