Noreg har i fleire hundre år eksportert klippfisk til sørlege strøk. Der har dei ete og elska fisken, og arbeidd fram tallause måtar å bruke han på.

Klippfiskekspert Trudi Henrydotter Eikrem vil med denne boka hente fram denne verdifulle råvara frå gløymsla, og vise oss at det slett ikkje er vanskeleg å lage god mat av klippfisk. I boka lærer du mellom anna å skilje ut ulike kvalitetar, å partere og å lagre fisken – og ikkje minst korleis du førebur han til omnen, gryta eller grillen.

Boka er ei grundig innføring i å utnytte og handsame klippfisken og dei tilhøyrande råvarene – og brått er lesaren ein sjølvstendig klippfiskkokk som også har sanka nokre tips om korleis han vel den beste olivenolja og kvifor godt salt er så innmari viktig.

Klippfiskbollar, baskisk klippfisk, diplomatpølser, himmelsendt klippfisk, sufflé, pudding og suppe er berre noko av det du finn i denne sprudlande kokeboka. Rettane er baserte på portugisiske mattradisjonar og dokument frå arkiv i Lisboa. Oppskriftene var enkle, ingen tenkte på kor mykje ein skulle ha av kvar ingrediens, for det hadde husmødrene på den iberiske halvøya i ryggmargen.

Innimellom oppskriftene deler forfattaren også av sin breie kunnskap om klippfiskens historie og den vesentlege rolla denne råvara har hatt i norsk fiskeeksport.

Nynorsk
2019
24,0 x 24,0 cm
224 sider
Innbunden i tråd, rikt illustrert.

Formgjeving: Trude Antonie Øvrebøe
Foto: Vasco Pinhol

ISBN 9788279592990

Sagt om boka:

«Flott bok om klippfisk!»

«Mange hundre år med klippfiskhistorie har no kulminert i ei flott bok, der forfattar, fotograf og formgjevar gir lesarane moglegheita til å sjølve oppleve kva den tradisjonsrike råvara kan tilby.»

«Som vanleg er bokbunaden frå Skald eminent, mest som eit kunstverk – eller eit innbydande måltid. Ei annleis kokebok, eit unikt samarbeid mellom forfattar, fotograf og formgjevar. Ja til klippfisk og kreativ gastronomi!»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk