Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Nye maskiner har endra arbeidsmåtar i vegarbeidet radikalt i tida etter krigen. Her fortel Kristen Askeland om den rivande utviklinga som har funne stad. Til slutten av 1940-åra var vegarbeid prega av tungt fysisk, manuelt arbeid. Så kom maskinene. Slitet vart redusert, og kapasiteten gjekk opp. I dag blir mykje gjort av avanserte maskiner, ofte utstyrde med kompliserte dataprogram.