Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

I debutromanen til Kai Martin Brekke har ei hetebølgje lenge halde bygda Flåm i eit jarngrep. Sommaren skal bli endå varmare. Drepande varm, og blodig.

Ein amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie, eit dødeleg kvinnefellesskap og skruppellause hemnarar.

Nattergalen syng i Flåm og set etterforskingsteamet på ein manndomsprøve før det endelege oppgjeret ved ein av dei mange turistattraksjonane i bygda.