
Ordleiksboka
Forfattarar:
Sylfest Lomheim, Øystein A. Vangsnes, Olaf Husby
Illustrasjon:
Stina Langlo Ørdal
2008
Nynorsk, dialektar frå heile landet
16,7 x 23,8 cm
218 sider
Innbunden med trykt overtrekk og smussomslag med preg, rikt illustrert med illustrasjonar på kvar side, leseband.
3. opplag
Formgjeving: Silje Nes
ISBN 9788279591269
– En vakker bok der illustrasjon og design er sømløst sammenvevd. Denne boka vil forhåpentligvis bli brukt og elsket av mange barn. Boka er svært pedagogisk vellykket, men det er overskuddet som hersker her!
Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Eller at alligatorsko er laga av alligatorskinn, men kva så med hestesko? Visste du at det første talet som inneheld a, er atten, det neste er milliard? Er du illfus av og til? Og veit du kva pesshesta er for noko?
Bli med på ei oppdagingsferd i språkverda – ei verd full av merkverdige og spennande ord og bokstavar, og ein leikeplass med overraskingar på kvar side.
Gjennom humoristiske ordleikar vert barna oppmoda til leik med ord, uttrykk, ordtak og dialektord. Ei myldrande bok for både store og små, språkinteresserte og dei som skal bli det.
Boka er kjekkast å lese i lag med heile familien og som ei inspirerande leikebok. Medan litt yngre barn kan ha glede av biletorda og bokstavdyra, kan barn i lesealder prøve seg på varierte ordleikar.