
Snøhumla Mille
Forfattar:
Janne Marit Øye
Illustrasjon:
Anne Angelshaug
2014
Nynorsk
24,0 x 24,0 cm
32 sider
Innbunden med halvbind i tekstil, lakk.
Formgjeving: Øystein Vidnes
ISBN 9788279592136
Kjøp
199,-
Humla Mille elskar sommarens mylder av fargar, lydar og smakar. Dag inn og dag ut flyg ho over enga full av blomstrar og dyr. Etter kvart visnar blomstrane, trea tek på seg haustkåpa og vinden bles tvers gjennom den vesle humlekroppen. Mille er heilt åleine. Ho frys og er redd. Med dei siste kreftene klarar ho å berge seg inn i ei hole høgt oppe i eit tre. Så sovnar ho.
Når ho vaknar, er ikkje Mille lenger åleine. I hola bur òg edderkoppen Spindella.
Eit eventyr om haust og vinter, vennskap og mykje varme.