Soga om Torstein Vikingsson fortel på fantastisk vis om Viking, bonden frå Sogn, og sonen Torstein. Vikingferda til far og son fører oss frå garden i Sogn, gjennom Noreg, Sverige og heilt til Indialandet.

Torstein er far til Fridtjov den frøkne, helten frå ei av dei mest kjende norrøne sogene. I 2013 kom Soga om Fridtjov den frøkne i ny språkdrakt, omsett frå gamalnorsk av Noregs nasjonaldiktar Jon Fosse. Med Soga om Torstein Vikingsson tek Fosse no for seg forteljinga om far til Fridtjov den frøkne, Torstein Vikingsson. Den nye omsetjinga vert gitt ut med same eksklusive design som den førre utgivinga, Soga om Fridtjov den frøkne, som vann SØLV i Årets vakreste bøker 2014.

Denne handlingsmetta fornaldersoga frå mellomalderen er underhaldande lesnad med både hærferder, trolldom, kjærleik og hat.

2015
Nynorsk (frå gammalnorsk)
12,0 x 18,0 cm
144 sider
Innbunden i imitert skinn med overtrekk, mageband og foliepreg

Formgjeving: Rune Døli
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592143

Sagt om boka:

«Et stykke konfekt i bokform.»

«Magisk realisme fra vikingmiljø.»

«En spennende fortelling, forfriskende fri for kjente moralske og ideologiske overbygninger.»

«Bibel og islandske fornaldersagaer
i Jon Fosses språkdrakt bør liggja på
alle (..) nattbord
»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk