Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Sogning, trubadur, sjarmør, åttitalsikon – etter ei suksessrik karriere dukkar assosiasjonane opp når ein nemner Olav Stedje. Og songane hans er vorte del av liva våre: Vi vandrar saman i dei små timar på Nattønsket, Ta meg med rungande over høgtalarane på vorspiel, og Stao no pao for full hals på Fosshaugane.

Sidan platedebuten i 1981 har Olav Stedje hatt ei rekkje hitar. I Syng meg heim har vi samla over 50 av dei mest kjende og kjære songane han har spelt inn. Boka er morsom og nydeleg illustrert av Janne Nes.