Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Tor er allereie temmeleg høg. Nesten ein heil meter! Han er likevel ikkje stor nok til å nå opp til kjeksboksen på kjøkenskåpet, slik som mamma. 

Tor synest dei vaksne har det mykje lettare, men det har sine fordelar å vera liten også. 

I Liten-på-jord-Tor kan barna kjenne att sin kvardag, og vi store får sjå verda gjennom deira auge. Ei humoristisk og original bok om forskjellane mellom store og små, lettlest og fargerikt illustrert frå barna sitt perspektiv.