Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

– Når ein sogning grip ordet, vert framstillinga lett prega av at De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor, seier forfattaren og opplesaren for denne lydboka, Odd Njøs.

For ti år sidan gav Odd Njøs ut den første boka med stubbar og replikkar frå Sogn. Til saman har det vorte tre slike bøker i samarbeid med illustratøren Janne Nes. No har han redigert og lese inn dette stoffet med publikum i salen. Det har resultert i ein dobbel-cd med rein humor.

Odd Njøs er fødd i Leikanger i 1931. I 1954 vart han gift med sunnhordlandsjenta Anna som sidan har styrt han med fast hand. Etter 44 år i skulestova vart han pensjonist i 1996, og han har sidan hatt det rykande travelt. I tillegg til bokprosjekta har han halde fleire hundre kåseri i lokalradioen og i lyd og lag, og han er ei kjend stemme for mange kringom i fylket. For allsidig kulturarbeid og flittig kjeftbruk fekk han kulturprisen i Leikanger i 1990 og Kongens fortenestemedalje i 2000.