Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Liv Rege Engan har gjennom mange år fotografert og samla opplysningar om stølar i noverande Vik kommune i Sogn. Utnytting av utmarksressursane var i tidlegare tider svært viktig, og no blir denne bruken dokumentert i bokform. Over 200 stølar som vart nytta av gardar i Arnafjord, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik er med i boka. 

Liv Rege Engan si store interesse er friluftsliv, og ho har m.a. besøkt og fotografert alle stølar og stølstufter i området frå Nærøyfjorden til Modalen.