Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Boka er gitt ut i samband med ei utstilling i Vestlandske Kunstindustrimuseum under Festspillene i Bergen (2004). Der var verk av Circus Design, møbeldesignarane Steinar Hindenes og Dave Vikøren. Praktverket er ein rikt illustrert fagbiografi med produkt frå elleve års samarbeid.

Møblane er i ei rekke studioportrett av fotograf Fred Ivar Utsi Klemetsen sett i samspel med nokre av Bergens fremste musikarar; blant andre Leif Ove Andsnes, Sondre Lerche og Nathalie Nordnes. Boka har forord av møbelhistorikaren Eldar Høidal og blir gitt ut i samarbeid med Vestlandske Kunstindustrimuseum.