Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Georg Hatlevik er ein av ungkarane i komedien Ungkarsfesten som har hatt stor suksess på norske teaterscener. Ein Vestnorsk Stat skildrar Georg og naboane heime på Hatlevikneset i deira liv og levnet. Georg har dei fleste mot seg, men han ordnar godt opp. 

Boka er illustrert av Ivar Kvåle. 

I bakhand har han Jens Rinde, ein hobbyjurist med Tor Erling Staff som førebilete. Ein Vestnorsk Stat – med Kjell Opseth som president og god heimebrent som nasjonaldrikk – er ein kongstanke som både Georg og Jens går inn for med stor svir. I mellomtida lever dei livet på Hatlevikneset – ein ministat med intrigar nok for ein langt større republikk.