Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Denne boka er først og fremst skriven for alle som har tilknytning til gardsbruka i Sogn og Fjordane, men ho er også interessant for dei som er glade i fjell, friluftsliv og folkelege tradisjonar. 

Mykje av ideen med boka ligg i erkjenninga av at viktig kultur- og lokalhistorie er i ferd med å gå tapt med det generasjonsskiftet vi no er inne i, men og i det faktum at Luster er den kommunen i Sogn og Fjordane som har hatt den mest omfattande utnyttinga av utmarksressursane – eiteområde og fjellvidder.